Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Valkamp inneber å vise fram både politikk og kandidatar. Då passar det med bilete av tre av Senterpartiets ordførarkandidatar:\n \nStine Wigum Hagen i Aure, Henrik Stensønes i Kristiansund og Ola Rognskog i Heim, som eg møtte i Aure i dag saman med andre listekandidatar.\n \nAure Senterparti hadde laga eit fint opplegg der vi møtte Tjeldbergodden Utvikling, Salfjord, Tjeldbergodden Rensefisk og Equinor (der Stine er produksjonsleiar og ho stod sjølv for presentasjonen).\n \nOg vi fekk orientering om planene for nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra. Heile forsamlinga var einige om vi må halde fram med å trykke på overfor regjering og fylke. \n\nMålet er at dette skal kunne realiserast om ikkje altfor lenge. Det moglege ferjeleiet er bak Stine og meg på det nederste biletet.

Postet:
2023-08-17 20:14:16

Delt innhold:
Photos from Jenny Klinge's post