Innlegg:
Det er veldig kjekt når tiltakslystne menneske produserer gode og fine varer lokalt rundt om i landet. I Tingvoll i går drog ordførar Ingrid Waagen med både Dordi Boksasp Lerum og meg på besøk til Tingvoll Sider og Tingvoll Ull.\n \nGründer Silje Osnes fortalte om siderproduksjonen. Det er stor interesse for og godt sal av sideren hennar, noko som gir framtidstru. \n\nSamtidig er det nokre hindringar knytt til forbodet mot alkoholreklame. Ho meiner dette, slik det blir handheva no, også fungerer som eit hinder for å kunne informere om produkta og merkevara.\n \nDette innspelet tek vi med oss vidare til andre som har meir makt enn vi har. Å formidle slikt er ein viktig del av jobben vår. \n\nDet var veldig artig å få sjå alle epletrea Silje Osnes har planta og få høyre kor kvalitetsbevisst ho er. Her er det edel drikke ein skal få kjøpt, både med og utan alkohol.\n \nRose Bergsli viste ivrig fram flotte genserar hos Tingvoll Ull, som no sel garn og nettopp genserar. \n\nStrikkemaskina Magda sa ikkje så mykje, men ho er innkjøpt for å produsere flotte plagg og etter kvart også andre varer av ufarga, fin norsk ull. Særleg på det nederste biletet ser de døme på dei vakre naturlege fargene på ulla.
Postet:
2023-08-15 12:08:43