Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
SP her i Møre og Romsdal har med sine alt for høge 7,9% full panikk. Ligg ann til å havarere skikkeleg i valget og det er vel fortjent.\n\n- liksom skifta «side» i politikken,,, kva er det for noko?\n\nDet sosialistiske SP står uansett for den verste distriktspolitikken og næringspolitikken landet og dette fylket har opplevd, og no skal dei liksom «Ynde seg inn» med FrP og Høgre?\n\n—————//——————//——————\n\n•SP og Per Ivar Lied, på ville vegar!\n\n« Veljarane vil ikkje ha meir av skattane, avgifter og politikken til SP og Lied, kvifor skulle liksom FrP og Høgre ynskje meir av SP i praksis ?»\n\n- Kraftige kutt i ferjedrifta, fjerna ferjeavgangar til øysamfunn og kutta kraftig i vidaregåande skular samtidig som administrasjonen eser ut på fylkeshuset.\n\nDette er «medisinen» eller rettare sagt SP og AP i praksis dette fylket ikkje trenger meir av.\n\n1 kandidaten i SP, Per Ivar Lied vil «skifte side» i politikken.\n- han er lei av alle skattane og avgiftene AP har innført i regjering.\n\nEg stilte finansminister og partileder i SP Trygve Slagsvold Vedum skriftleg spørsmål om dette, kven som har ansvaret for skattar og avgifter i regjeringa?\n\n- svaret frå Vedum var klart og tydeleg, det var han som finansminister som hadde ansvaret i regjeringa for skattar og avgifter.\n\n Så her vart 1 kandidaten til SP her i fylket regelrett avkledd av sin eigen partileiar!\n\nSå kva lavmål er det såleis Per Ivar Lied forsøket? \nGreit nokk å vere «hestehandlar» men kven forsøker han å lure ?\n\n Det å forsøke å regelrett snakke usant om sin regjeringspartner for å skifte side, kan umulig gå upåakta hen i den raud/grøne regjeringa.\nPer Ivar Lied har også vore politisk rådgjevar i den samme regjeringa for SP.\n\nSP her i fylket er og blir SP, det verste partiet for både distrikta og næringslivet med sin vanvittige skatte og avgiftspolitikk, kutt i viktig ferjetilbod og kutt i Vidaregåande skular.\n\nSkifte side i politikken?\n\nKvifor skulle den borgarlege sida med FrP og Høgre stå der med opne armar og tiljuble eit parti som fører ein politikk som raserer fylket?\n\nNei takk, vi har evindeleg nok av feil medisin frå SP og AP, som også i fylket rundt køyrer kommunene i grus.\n\nFrP og Høgre har nok av andre borgarlege parti og lister å kunne samarbeide med, fordi for oss er politikken viktigast, \n\n- og ikkje slik Per Ivar Lied i SP er opptatt av, godt betalte posisjonar.\n\nFrP vil bruke pengane i fylkeskommunen til dei viktige områda innan ferjedrift, samferdsel og vidaregåande skular, og rasjonalisere drifta i ein overfylt og overadministrert fylkesadministrasjon på fylkeshuset.\n\nDet vil ta tid å «rydde opp» etter SP og AP, men dette klarer FrP og Høgre i godt samarbeid vil eg tru.\n\nGodt valg !\n\nMvh\n\nFrank Sve\n1 nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen \nStortingsrepresentant \n13 kandidat på fylkestingslista til FrP.

Postet:
2023-08-13 13:26:46