Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Tidleg denne veka kom det ein stor konvolutt i posten. Det er ikkje kvar dag ein blir så positivt omtalt som her, så eg hadde bedt Dagen pent om å sende meg heile avisa.\n\nDenne aktuelle leiarartikkelen finn de lenke til under viss de vil lesa heile. Eg innrømmer glatt at eg set pris på at Vebjørn Selbekk, som sjølv har stått støtt i sterke stormar, omtalar meg som modig.\n\nEg veit ikkje om eg er så modig, men eg lovte meg sjølv som ung politikar at eg aldri skulle slutte å vera meg sjølv. \n\nOg når ein er beint fram i tale og tekst og har respekt for både fakta og følelsar, er det vel greitt å halde fram med dette også etter mange år i politikken. Også når nye debattar kjem opp der ein kan bli stempla som dei verste ting om ein ikkje aksepterer og fremmer faktaforvrenging. \n\nhttps://www.dagen.no/meninger/vebjorn-selbekk-jenny-klinge-er-norges-modigste-politiker/

Postet:
2023-08-11 18:55:56

Delt innhold: