Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
I dag fiekk eg delta under den avsluttande dagen av åpningsfestivalen av det nye Hindutempelet på Rommen/ Norges Hindu Kultur Senter. Etter mange års planlegging og arbeid er tempelet ferdig og klar til bruk ! Og det blir brukt godt ser ein på oppmøtet! Tru- og livssynsfriheit er ein grunnleggande verdi og menneskerett i vårt demokratiske samfunn. Og vi skal legge til rette for at alle menneske i Norge kan få praktisere trua si, i eit livssynsope samfunn. \nDette tempelet vil vere ein viktig møteplass for hinduistane i Norge og ein stad for å føre vidare den hinduistiske trua og kulturarven- også til komande generasjonar. Og så representerer dette ein enorm innsats frå dei mange frivillige i trussamfunnet, som igjen bidreg til sterkt fellesskap og tilhøyrigheit. \nLukke til vidare ❤️🌷

Postet:
2023-08-11 17:00:28

Delt innhold:
Photos from Kjersti Toppe's post