Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Langweekend i Amsterdam, med plass til ein sjømat-og fiskeridag i Urk. Omvisning frå svoger Botholf Stolt-Nielsen, som har engasjement i fleire selskap her. Pliktig oppmøte for dei to andre💪\n\nUrk er det største området for omsetning og foredling av fisk i Nederland. \n\nRegionen var opphavleg ei øy bygd på tradisjonelt fiskeri, men er nå ein del av stor-Amsterdam. \n\nHer ligg bedriftene i kø, fleire av dei norske. Omsetning, røyking og anna bearbeiding av fisken sysselsett 70% av dei som bur her, og dei ulike produkta går til heile Europa og store deler av verda.\n\nOver 90% av laksen som kjem hit er norsk. Store delar av torsk, sei og andre fiskesortar kjem også frå Norge. \n\nSlektskapen med norske sjø-, kyst-og fisketradisjonar er lett å sjå. Dei var også svært godt informert om heimlege skatte-diskusjonar😊

Postet:
2023-08-11 18:08:21

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post