Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Ja, eg skal vere med i Skal vi Danse 💃🏻😄\nEg elskar å danse. I mange år har eg fulgt med på programmet og hatt lyst til å vere med. Det ser både krevande og skikkelig moro ut! Det er mange spreke deltakarar i programmet denne hausten, men proffdansar Jone Snilstveit og eg har som mål å vere det paret som har det mest GØY på parketten 🤩\n\nHonoraret for å delta vil bli direkte utbetalt til Stiftelsen Ingrid Aunes minnefond. Ingrid var ei god venninne som gjekk bort i ei båtulykke sommaren 2019. Ho var òg ordførar i Malvik kommune. Eg veit at ho ville elska å vere med sjølv, og ho ville gleda seg over å sjå meg prøve meg. Ho hadde ein enorm entusiasme for alt som handla om livsglede, fargar og musikk - og ville ringt meg fleire ganger i veka med innspel til neste vekes dans. Me deltok på swingkurs saman for mange år sida - bilete over her er det Ingrid som tok. 😄\n\nValgkamp er òg både gøy og krevande og dei første vekene av programmet står sjølvsagt lokalvalgkampen øverst. Eg har avtalt med produksjonen at Jone kan bli med til Rogaland dei dagene i veka der det er naudsynt for å få kalenderen til å gå opp - slik at me kan dansetrene før/ etter valgkamparbeid, dersom det må til. \n\nTusen takk til ektefelle Kristian som berre lo og sa «Ja, det er klart du skal» då eg spurte om kva han tenkte om eventuell deltaking. Det krev litt logistikk å vere med på eit slikt program, og då hjelper det å ha ein mann som heier.\n\nHugs å bruke stemmeretten denne hausten, ikkje berre 11. september når det er lokalvalg, men KVAR laurdag frå 26. august på Skal vi Danse 😅❤️ Me sjåast 💃🏻🌹

Postet:
2023-08-08 13:11:53