Innlegg:
"For mykje eller for lite dug ikkje." Det brukte mor mi å seie. \n\nDet er ein annan måte å uttrykke at det som er ekstremt og einsidig ikke er bra.\n\nDerfor er eg alltid skeptisk når enkle løysingar blir presenterte. Som no for tida, når vi visstnok skal redde klimaet med å slutte å eta norsk kjøtt. Slik vil vi jo ende med å svekke matberedskapen vår dramatisk.\n\nMen når eg forsvarer beitedyra våre og norsk landbruk er eg sjølvsagt ikkje mot fisk. \n\nHer svarer eg Fiskeribladet, og peikar på at bladet ikkje må lure lesarane til å tru at nordmenn må eta mindre raudt, norsk kjøtt for at det skal vera mogleg å auke forbruket av norsk fisk. \n\nVi treng både fisken og kjøttet saman med egg, grønsaker og frukt for å sleppe at det blir for mykje eller for lite av noko. \n\nFor det dug jo ikkje, som mor mi likte å påpeike.
Postet:
2023-08-08 19:17:49
Delt innhold:
– Både fisk og kjøtt trengst i det norske kosthaldet
Eg er ein varm forsvarar av maten vi får både frå havet og frå land.