Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Eg slår eit slag for solodugnad - den innsatsen kvar enkelt av oss kan gjera spontant eller systematisk. I dette tilfellet talar eg om å reinske, forbetre eller laga stikkrenner for i beste fall å hindre skade på vegar, eigedom og natur. \n\nOg så sender eg ein varm tanke til dei områda der det er meldt aller mest regn i dag. Der trengst det sjølvsagt større tiltak enn å berre å reinske stikkrenner, men likevel er dette viktig mange stader.

Postet:
2023-08-07 12:03:03