Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
10 milliardar kroner. 1000 kulturhistorisk viktige kyrkjer i heile landet: Historisk dag i Trondheim då regjeringa presenterte vårt nye kyrkjebevaringsfond. Det vil sikre milliardar til kyrjevedlikehald. Ikkje berre dei 20-30 neste åra, men også vidare. Kyrkjebygga er viktige som nasjonale kulturminner men og som levande folkekyrkjer. No tar vi grep for å sikre kyrkjebygga som nasjonale kulturminner og folkekyrkjer for framtidas generasjonar. Midlane skal ikkje erstatte kommunane sitt ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg , slik at dette kjem i tillegg. 🍀🌷🍀🌷

Postet:
2023-08-03 23:56:48

Delt innhold:
Photos from Kjersti Toppe's post