Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
God Olsok❤️. I dag var det storslått markering i vakre Slidredomen og prestegarden av «Valdres i 1000 år». 1023 reknast som året for kristninga i Valdres då Heilage Olav fòr gjennom dalføret. I 1923 var det ei stor jubileumsfeiring i Valdres med kong Håkon til stades. Då var det 900 årsfeiring, no er det 1000 år. Heile 2023 vil vere eit jubileumsår med markeringar i alle Valdres-kommunar. Målet no er ei markering som ser framover mot nye 1000 år for folk i Valdres. Kva er dei gode sider ved lokalsamfunna våre og kva treng eit kritisk blikk? #Nasjonaljubileet 2030

Emneknagger:

Postet:
2023-07-30 00:31:35

Delt innhold:
Photos from Kjersti Toppe's post