Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Min tidlegare ordførarkollega Sven Flo brukte å seie at dei i Stryn var ikkje så veldig opptatt å jakte på statlege arbeidsplassar. Ikkje berre fordi det både var krevjande og vanskeleg å få til, men kanskje mest fordi Stryn hadde eit så sterkt og offensiv næringsliv.\n \nEtter ei flott helg i Nordfjord-bygda saman med gode høgrevenner både frå Stryn og heile Vestland fylke, forstår eg meir enn nokon gang kva han meinte.\nLaurdag kveld var det politikk & sosialt på Lodgen Stryn, kor vertane stod for høgdepunktet.\n \nVi kjenner alle til fleire av dei store og kjende bedriftene i Stryn, og ikkje minst alt det fantastiske som har skjedd rundt Hotel Alexandra i Loen. Men det finst meir å la seg imponere av. Ja, faktisk midt i Stryn sentrum. Og det var det vi fekk høyre meir om.\n \nHeidi Holmlund og Svein Ørjasæter fortalte oss den fine historia om reisa dei har hatt frå Oslo til Stryn, arbeidet og innsatsen for etablerte Lodgen Stryn, og ikkje minst planane framover og korleis Stryn kan etablere seg endå meir som ein nasjonal og internasjonal stad for oppleving og aktivitet.\n \nParet gav oss eit levande bilde av korleis det er å vere gründer og verdiskapar. Og det er ikkje småtteri dei har sett i gang med: Frå ein stor sveitsarvilla og gamal løe har dei investert ti-tals millionar og bygd opp eit vertshus, festlokale og oase med eit vell av ulike tilbod. Her kan 45 glade, forventningsfulle og eventyrlystne gjestar bu, kose seg og få vere med å ulike aktivitetar året rundt, kor naturen står i sentrum. Ein viktig del av historia dei fortalde handla òg om verdiar og aktivitetar for barn og unge.\n \nEg blir glad av slike historier. Glad for å sjå dei sterke kreftene, initiativa, engasjementet og skapargleda som bur i oss menneske. Glad for å sjå jobb- og verdiskapinga som finn stad.\n\nNoko av det viktigaste vi kan gjere som samfunn er å legge til rette for at desse eigenskapane får blomstre og verke. Det gjeld sjølvsagt òg for lokalsamfunna våre. Det å gi rom og fridom til menneske å utfalde seg, skape arbeidsplassar, verdiar og nye næringar, må vere heilt sentrale oppgåver for kommunane og kommunepolitikarane våre. For meg er det då sjølvsagt ekstra kjekt å sjå at Høgre lokalt har mønstra eit godt lag til kommunevalet, og med ein erfaren kommune- og fylkespolitikar som Sonja Øvre-Flo på topp.

Postet:
2023-07-28 16:14:53

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post