Innlegg:
Tragikomisk, men det måtte berre koma. Studentar skiftar no juridisk kjønn for å få kjønnspoeng dei eigentleg ikkje har krav på. Målet er å koma seg inn på draumestudiet der jenter (eller i andre tilfelle gutar) får ekstrapoeng. \n\nSlikt fjusk blir mogleg når kjønnsbaserte rettar blir lausrivne frå faktisk kjønn og eit juridisk fantasikjønn kan overstyre. \n\nEg applauderer oppfinnsamheita til desse studentane. Dei bidreg til å få fram det absurde ved å forkaste reelt kjønn som grunnlag for kjønnsbaserte rettar og opne for sjølvidentifisering som viktigaste kriterium. \n\nFor dei av dykk som har gløymt at tekst-TV eksisterer, sjå under: Det er god underhaldning i å lesa kva som skjer når NRK uttrykker seg pinleg kjønnslaust. \n\nStatskanalen har store problem med å få fram/skjule at studenten det gjeld i Finansavisens artikkel er ein kar. Litt artig faktisk.\n\nhttps://www.finansavisen.no/samfunn/2023/07/24/8024589/bytter-kjonn-for-a-komme-inn-pa-prestisjestudie
Postet:
2023-07-25 14:30:04