Person / Aktør:
Marit Knutsdatter Strand
Marit Knutsdatter Strand
Parti: SP

Innlegg:

Postet:
2023-07-18 20:35:10

Delt innhold:
Lesja Senterparti ser fram til valkamp, og vil dei neste vekene presentere våre listekandidatar. 🍀🍀\n\nOg vi startar med 1.plassen på lista:\nMariann Skotte er ordførarkandidat for tredje gong og vi er stolte av den fyrste kvinnelege ordføraren vår i Lesja kommune.\n\nMariann er ein erfaren ordførar og har eit namn som mange kjenner til, både lokalt og nasjonalt. Ho har skaffa seg eit nettverk som er viktig når vi ynskjer gjennomslag i viktige saker. \n\nMariann har eit brennande engasjement for Lesja, har høg arbeidskapasitet, og ho er klår og tydeleg i sine meiningar. Det er ikkje tvil om at Mariann har satt Lesja på kartet i store distriktspolitiske saker. Det meiner Lesja Senterparti er avgjerande for å vera leiar av den flotte kommuna vår. \n\nMariann er og raus, rettvis og har stor omsorg for våre innbyggjarar. Ho har gjort mykje for enkeltpersonar i Lesja, og det er drivkraften hennar. \n\nMariann er særskilt oppteken av beredskapspolitikk, næringsutvikling og landbrukspolitikk. Vi ynskjer at Mariann får fortsette som ordførar i kommande periode.