Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Stranda kommune er i kjent stil med SP styre, køyrt i grus økonomisk.\nOmstillingsbehov på mellom 50-100 mill kr, og null kr i fond.\n\n- landet har aldri hatt ei verre regjering enn med SP og AP, og i kjent stil driver SP kommunane på same måten.\n\nSidan sist kommunevalg i 2019, har SP rasert eldreomsorga og skule i Stranda kommune, pengane er brukt opp i bygdelaga, på vanvittige brannbilgarasje og fylkeskommunale prosjekt.\n\nNo må det vere Stranda tettstad sin tur!\n————————————————————————-\n\n•. Økonomisk ruin, ROBEK og rasering av eldreomsorga!\n\n« Dette er fasiten etter SP, og skryteliste fra Tryggestad endrar ikkje det faktum at Stranda kommune er i økonomisk ruin. Godt inne på ROBEK med eit omstillingsbehov på mellom 50-100 mill kr som ingen ser utgangen av»\n\nTidenes beste økonomiske periode med borgarleg regjering ga historisk økonomisk grunnlag for kommunane. Dette brukte SP og Høgre til å rasere eldreomsorga i Stranda. Vanvittige prosjekt som brannbilgarasje i Geiranger var viktigare, samt fylkeskommunal ferjekai.\n\nEigedomsskatten skulle fjernast i 2018 etter utgang av ROBEK, SP og Høgre «bløffa» innbyggjarane og næringslivet og holdt ikkje lovnadene.\n\nEigedomsskatten er brukt opp kvart år, i tillegg til tidenes økonomiske situasjon. Kommunen er i realiteten sjanselaus til å kunne fjerne denne usosiale skatten på lenge.\n\nSalg eller rettare sagt «gje vekk på billigsalg» vårt arvesølvet, E-verket som kommunen har eigd i meir enn 100 år, har SP og Høgre i sin økonomiske hengemyr måtte ty til.\n\nSjølv dette vanvittig uansvarlige grepet redda verken rekneskapet for 2022 som gjekk i minus, eller reddar den økonomiske hengemyra kommunen er oppe i framover.\n\nDet er fire år sidan sist kommunevalg i 2019, og det tok ein periode å rasere eldreomsorga, kommuneøkonomien, og selge på billigsalg arvesølvet i eit forsøk på å redde fadesa.\n\nNo startar «ryddejobben» etter SP og Høgre, som har sete i ordførar og varaordførarstolen og styrt kommuna i 100% tospann.\nAlle vedtak er støtta av Høgre.\n\nStåda er heilt lik i regjeringa som i kommunane styrt av SP.\n\n« Aldri før har landet hatt ei verre regjering, som køyrer landet i grus, i kjent stil frå SP også lokalt»\n\nKva må til framover?\n\nDet må knallharde prioriteringar til, eldreomsorga på Stranda samt ny Ringstad skule er prioriteringane som må på plass.\n\nNy inntekter er alt brukt opp, så det finnast ikkje handlingsrom utan betydelige kutt og strukturendring.\n\nBudsjettet for 2023 er i realiteten underkjent av Statsforvaltaren, ved eit krav om realisme ved at kassa skal skrapast, alle fond blir krevd inn i driftsbudsjettet og kun halve låneopptakene vart godkjent.\n\nStatus for 2024, blir derfor 0 kr i driftsfond, og null disponible pengar til å bruke på til dømes kunstgrasbane eller å opprettholde legekontor på Hellesylt.\n\nDette er konsekvensen av SP i praksis !\n\nVerken SP eller Høgre har vist til kva dei vil kutte eller strukturendring som blir nødvendig.\n- stram økonomistyring masar Høgre om, men stoler vi på dei?\nNeppe, og kva tilseier ein ny kurs ?\n\nFrP er einaste partiet som har vist kva som må til.\nKommunesamanslåing ser ut til å vere uunngåelig. Det same gjelder reell sentralisering og effektivisering av drifta.\n\nKonsekvensen av den skakkøyrde økonomien, fører til at ein ikkje har sjanse til å opprettholde alle tjenestene i alle bygdelaga. \n- dette er rett og slett ikkje mulig.\n\nSide opp og side med valglovnadar frå partia hjelper ingen og er totalt urealistisk.\n\nSpørsmålet alle i Stranda trenger svar på er :\n\n- blir eldreomsorga på Stranda med ny sjukeheim og omsorgsbustadar realisert?\n\n- blir ny Ringstad skule realisert?\n\n«Og, kva strukturendringar, omorganisering, samanslåing og kutt i drifta, har partia tenkt å gjennomføre for å få økonomien friskmeldt?»\n\nMvh\nFrank Sve\n1 nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen \nStortingsrepresentant \nfor FrP.

Postet:
2023-07-16 09:44:53