Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Sjølvsagt vart eg glad for å bli omtalt som Norges modigaste politikar. Men motet mitt eksisterer ikkje i eit vakuum - det er sterkt og uthaldande fordi så mange av dykk ber meg stå på og fordi fleire i ulike roller viser mot.\n\nI debatten om kjønn blir vi som ytrar oss om vitenskap og fakta gjort til fiendar av folk som i toleransens namn liker å stemple andre. Dessverre liker somme av desse også å ta frå andre levebrødet. \n\nDet er dramatisk og forkasteleg. (Les kva Eva Stenbro skriv om dette i lenka nederst.)\n\nEg tenkjer mykje på alle dei som har dårlegare vilkår for å ytre seg enn det eg har, sjølv om eg òg er avhengig av ein renominasjon neste år eller av å få jobb om to år.\n\nLærarar, jordmødre, psykologar, legar og journalistar og folk i alle moglege andre posisjonar kan bli uthengte og somme kan miste kundar og inntekt.\n\nMen enn alle dei som er heilt avhengige av stadig nye oppdrag, som kunstnarar, musikarar, skodespelarar, frilansarar, arkitektar, handverkarar og kurshaldarar?\n\nUrovekkande mange slike kontaktar meg for å fortelle at dei ikkje tør å seie kva dei veit og meiner om kjønn fordi dei må unngå å miste inntekta si for å kunne forsørge seg sjølve og familien.\n\nDet provoserer meg noko enormt når eg høyrer om menneske som mistar oppdraga sine eller ikkje får forlenga stillinga si på grunn av moderate, lovlege ytringar på sosiale media. Dei fleste tør ikkje ein gong klage på dette fordi blest om saka vil kunne skape endå større problem.\n\nEg har forståing for at mot til å ytre seg går bak omsynet til levebrødet for mange, men i eit land med ytringsfridom kan vi ikkje ha det slik. \n\nMi oppmoding er at vi må gå til kamp mot forsøka frå den eine sida i kjønnsdebatten på å ta frå folk omdømme og levebrød med usakleg stempling og koordinerte varselkampanjar. \n\nBotemiddelet er faktisk å vera mange, mange og endå mange fleire som tør å ytre oss. \n\nMotet mitt er lite verdt aleine, men det kan saman med mange andres mot verne samfunnet vårt mot uredelege forsøk på å ramme ytringsfridomen og levebrødet til meiningsmotstandarar. \n\nhttps://www.nettavisen.no/norsk-debatt/er-det-greit-a-fa-n-million-kroner-i-bot-nar-man-er-uenig-med-noen/o/5-95-896136

Postet:
2023-07-15 10:37:02

Delt innhold: