Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
– Eg er stolt over innsatsen til dei norske styrkane i Litauen, seier statsminister @jonasgahrs. \n\nHan seier at det å forlenge oppdraget medan det pågår krig i Europa, er ei avgjersle som regjeringa tek med stort alvor. \n\n– Vi gjer det vel vitande om at oppgåva er viktig og at vi har mykje å bidra med. Ved å dele kunnskap og erfaringar, gjer dei både Forsvaret og Nato betre, seier statsminister Jonas Gahr Støre.\n\nRegjeringa har no bestemt å vidareføre dei norske styrkanes sitt nærvær i Litauen ut 2024. Det norske bidraget består av eit kompani på inntil 150 personar. \n\n📸: Torbjørn Kjosvold

Postet:
2023-07-10 19:33:51