Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
I dag kom høyringa om ny forskrift om nullutslipp i verdsarvfjordane og for vår del Geirangerfjorden.\n\nInga overrasking frå Barth Eide, som i praksis stenger Geirangerfjorden frå 1/1-2026.\n\nBruken av Biogass er det svært få skip innan 2026 og framover som i det heile vil kunne bruke, så her kan Geiranger «glede» seg til nokre få anløp i beste fall, sansynlegvis null.\n\nGratulerer til alle dei som jubla over vedtaket om nullutslippskravet i Geiranger frå 2026, som i realiteten er bråstopp for all cruiseskip frå 2025.\n\n«Geirangerbygda har fått det som dei ville»\n\nLegge ved nokre «Jubelmeldingar» frå Geirangerbygda når dette kom i 2018, mon tru om jubelen er like høg no?😳\n\nMen igjen, gratulerer med flott arbeide, \n\n-eg er ivertfall glad for at eg var ein av få som stemte imot denne galskapen både i havnestyret og i kommunestyret den gongen.\n\nNo blir det berre å bygge nødvendig infrastruktur for havner i Stranda sentrum og skipe inn turistane derifrå, valget er rimeleg enkelt.

Postet:
2023-07-04 19:08:33

Delt innhold:
Photos from Frank Sve's post