Delt innhold:
Idag kom innstillinga til utvalet som skal sjå på korleis vi kan forbetre organiseringa av drosjebransjen til beste for både kundar og næringa. Dei uheldige konsekvensane av Solbergregjeringa si drosjefrislepp har mange no fått merke på kroppen. Nokre stader er det nær umogeleg å få ta i drosje når du treng det. Andre stader er drosjekøane så lange at drosjesjåførene knapt får turar i løpet av dagen. \n\nUtvalet si innstilling er ei sterk støtte til Senterpartiet sitt syn på på at drosjene skal vere tilknytt ein drosjesentral og no hastar det med å få innført det. I tillegg må driveplikt og regulering av antal løyver på plass. Det er viktige tiltak for både kundane og dei mange dyktige sjåførane som har inntekter frå drosjekøyring.\n🍀🚕