Innlegg:
Sjå dei flotte kvalfangstskutene som låg i sentrum og sette stemninga for Midsundkonferansen i går.\n \nDet var stas å få møte Steinar Bastesen, tidlegare stortingsrepresentant for Kystpartiet og kjent kvalfangar. Han fortalte ivrig at han har fanga kval saman med slektningar av meg tidlegare.\n \nFiskeri og kvalfangst er å bruke naturressursar til matauk og næring. Norge er veldig gode på berekraftig fiske og fangst fordi det er eit godt samspel mellom næringane, forvaltninga og forskinga.\n \nHar du aldri spist kval? Kvalkjøtt er betre enn du trur, og fortener ein plass på middagstallerkenen saman med andre gode råvarer. Vi fekk grilla kvalkjøtt i Midsund, det var aldeles nydeleg!
Postet:
2023-06-29 13:29:51