Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Portugisarane elskar torsk, og 1/5 av all torsk som blir fiska i verda hamnar på portugisiske bord😋\n\nPortugal er den viktigaste marknaden vår for klippfisk av torsk. Faktisk ser portugisarane på norsk klippfisk som nasjonalretten sin.\n\nDen store klippfisksesongen er desember og jule-høgtida, og då går det med enorme mengder “bacalhau”\n\nEi sikker julegåve? Den mest populære oppskriftsboka med «500 bachalau-retter». \n\nI fjor endte eksporten vår på 23.400 tonn klippfisk og 18.700 tonn saltfisk til ein verdi av nesten 4 milliarder kroner. \n\nNorge er ikkje det einaste landet som eksportert klippfisk til Portugal, og eit av dei konkurrerande landa er Island. I butikken eg var innom i Lisboa, var det derfor både norsk og islandsk klippfisk. \n\nDet er forresten ikkje berre klippfisk dei likar i Portugal. Dei er også glad i kaldt øl, i store glas🌞

Postet:
2023-06-25 14:00:24

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post