Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Eg har besøkt Aurland og Flåm fleire gangar dei siste åra😊\n\nTema har vore vasskraft og flomfare, cruisetrafikk og nullutslepp, koronapandemi og nedstenging, og Lærdalstunnellen og nedstenging av den.\n\nDesse møta og samtalene har kvar gang resultert i at eg har tatt opp saka med styresmaktene, og ofte fått ansvarleg statsråd til å svare for seg i Stortinget. Det må vere lov å seie at eg altfor ofte har vore misnøgd med svaret🤷🏻‍♂️\n\nTrass desse utfordringane, og manglande avklaring på fleire av dei, er det likevel ein ting som har slått meg: For ein driv, energi, entusiasme og stå-på-vilje desse folka i denne flotte Sogne-bygda har. Trass vanskar og problem, er det ikkje tale om å gi seg. Tvert om; dei krummar nakken og gir på💪\n\nDerfor var det så kjekt og nesten rørande å vere i Flåm i dag. Ein optimisme og eit yrande reiseliv med turistar i alle aldrar, typar språkdrakt som er tilbake og nytta seg av det rikhaldige tilbodet som finst👍\n\nFlåm har livskraft, optimisme og folk som satsar og investerer. Då må styres-maktene vere med på laget.

Postet:
2023-06-21 15:24:38

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post