Det er ei trist utvikling når eg og veldig mange andre homovenlege blir stempla som homohatarar fordi vi veit det finst berre to kjønn og/eller fordi vi ikkje vil gå i ein parade. \n\nDette skriv eg om i Nettavisen i dag. Eg peikar òg på at den aukande Pride-tvangen nok har motsett effekt enn det som er dei gode intensjonane bak feiringa. \n\nVi får ikkje eit meir tolerant samfunn av at berre bestemte former for toleransemarkering med ei sterk politisk slagside blir aksepterte.