Person / Aktør:
Anette Trettebergstuen
Anette Trettebergstuen
Parti: AP

Innlegg:
FRÅ ORD TIL HANDLING: \n\nDei siste åra har stadig meir undervisning og forsking ved universitet og høgskular føregått på engelsk. \n\nI dag la Forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og jeg ein ny handlingsplan, med konkrete grep for å trygge og styrke norsk fagspråk for framtida. \n\nVisste du at:\n➡️Rundt 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar er no på engelsk. I naturvitskap og teknologi blir det knapt publisert norskspråkleg forsking i det heile.\n➡️Både innan samfunnsvitskap og humaniora går delen publisert forsking på norsk stadig nedover, og er no under 30 prosent.\n➡️Den største utfordinga er i høgare utdanning, som utdannar fagfolk til det norske samfunnet. På om lag eit tiår er engelskmengda i undervisninga nesten dobla. Snart blir annakvar masteroppgåve skriven på engelsk.\n\nSpråka våre er ein svært viktig del av kulturarven vår, tett knytt til vår felles identitet og fellesskap. Norsk språk er og skal fortsette å vere sterkt i Noreg, men det er under press. Difor er det så viktig at me no tydeleggjer forskings- og utdanningsinstitusjonane sitt ansvar for å bruke, utvikle og styrke norsk språk.

Postet:
2023-06-14 18:58:32

Delt innhold:
Photos from Anette Trettebergstuen's post