Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
I dag har ordførar Ole Andre Klausen og eg besøkt familieselskapet Landøy Fiskeoppdrett på Værlandet i Askvoll kommune. Selskapet blir drivne av tre brør; Roar, Helge og Kjell Landøy, etter at faren og onkelen etablerte seg som oppdrettpionerar på 1980-talet. \n\nEtter 40 års drift har dei tre brørne nå sett i gang sal av verksemda. Grunnen er stort skattepress, og ei veldig stor uvisse om framtida. Skatteskjerpingane og den politisk risikoen regjeringa har skapt, har fått konsekvensar. \n \n-Det viktigaste for oss er at verdast beste laks også i framtida kan produserast på Værlandet, og at det skapar arbeidsplassar, aktivitet og attraktivitet i lokalsamfunnet vår, fortel dei tre brørne. Så legg dei til: Slik situasjonen nå er blitt er risikoen stor for at eit lite familieselskap ikkje kan makte det i framtida. Skattetrykket og all uvissa som rår, er blitt krevjande for oss.\n \nPå veg heim er det vanskeleg å ikkje tenkje på om regjeringa verkeleg forstår kva som nå kan skje. Kva vi nå risikerer. \n\nVi er mange som lenge har vore bekymra for kva konsekvensane lakseskatten og det generelle skattepresset vil ha for havbruksnæringa sin framtidige evne til utvikling, innovasjon og berekraftig vekst. \n\nVi har òg frykta at Norge sin posisjon som verdsleiande innan havbruk og leverandør-industri nå skal forvitre, og at kapital, aktivitet og arbeidsplassar vil bli borte frå kysten. \n\nSpørsmålet er om vi alt nå ser ein annan konsekvens fleire òg har advart mot; at fleire og fleire små og mellomstore familieselskap vil forsvinne.

Postet:
2023-06-13 16:45:04

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post