Innlegg:
Dette er saker😊 Den fenomenalt gode kvalkjøttmiddagen frå forrige helg og grønsakssnacksen frå i helga er eit godt bilete på eit variert kosthald - også hos ei som stadig forsvarer kjøtt frå drøvtyggarane. \n\nSomme trur jo at eg ikkje et salat eller fisk - kor no den kom ifrå, eg som vaks opp på eit lakserøykeri😅 Far min dreiv også i unge år med kvalfangst. Eg er glad eg hadde gleda av eit variert kosthald frå to kokkelerande foreldre i oppveksten. \n\nFløytesausen og dipen inneheld mjølk frå kua, det er viktig å få med. Det hadde definitivt ikkje vore like godt utan!
Postet:
2023-06-12 20:46:05