Innlegg:
Eg er glad i Oslo og vil gjerne at byen skal vera hovudstaden vår vidare òg. Men byrådet i Oslo fører ein politikk som i praksis rammar norsk landbruk når dei boikottar kjøtt meir og meir. \n\nSlik fell etterspørselen etter den maten dei fleste bønder faktisk kan produsere her til lands. Det går igjen utover sjølvforsyninga vår fordi dyrkamark og beitemark gror att medan Oslo som stor forbrukar heller kjøper mat frå utlandet. \n\nNorge fortener ein hovudstad som ikkje svekker, men heller styrkar norsk matproduksjon.
Postet:
2023-06-11 17:41:34
Delt innhold:
Kan kjøttfrie Oslo vera landets hovudstad?
Byrådet i Oslo vil vera flinkast i klimaklassen. Men det er sterkt problematisk når byrådet gjennomfører fleire kjøttfrie måltid som klimatiltak.