Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
– Fleire skal oppleve god psykisk helse, og hjelpa skal vere lett tilgjengeleg der den trengs, når det trengs, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.\n \n📅 I dag la regjeringa fram sin plan for psykisk helse som forpliktar ti år framover i tid.\n \n❤ Det er blant anna sett eit mål om at barn og unge sine sjølvrapporterte psykiske helseplager skal bli reduserte med 25 prosent.\n \n– Vi skal skaffe meir kunnskap om kva som ligg bak aukinga i psykiske plager hos barn og unge, slik at tiltaka treff. Samtidig styrker vi arbeidet med psykisk helse på dei arenaene vi veit er viktige for den psykiske helsa til barna våre, slik som skulen, seier Kjerkol.

Postet:
2023-06-09 12:07:01