Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SV

Innlegg:
Den som veit prisen på alt, kjenner ikkje verdien av noko.\n\nMe er så ufatteleg rike, og har så mykje å mista. Som her, ved Kvernaland: Grøne område med variert natur og matproduserande jord. Friluftsområde rett utanfor døra. \n\nMe har eit val, og me har framleis tid. Me kan hindra at desse områda blir erstatta av asfalt, betong og lagerhallar. Dei vil ha oss til å tru at slaget er tapt, for dei vil at me skal mista motet og gi opp. \n\nVerdas miljødag er ein god dag til å minna kvarandre om dei store verdiane me har rundt oss, og som kapitalkreftene framleis ikkje har lagt beslag på. Ikkje la dei vinna.

Postet:
2023-06-05 18:58:32

Delt innhold: