Innlegg:
«Pengane eller livet» sa vi då vi leika som barn. \n\nEr det det kanskje det vår djupe politiske og kulturelle krise eigentleg står om når det har gått 601 dager etter at staten har blitt dømt for menneskerettsbrot og ikkje har retta opp uretten? \nVil vi ha eit samfunn der pengane er viktigare enn livet ? \n\nSå har forteljinga om det «grøne skiftet» kome til. Men kva slags grønt skifte vil vi ha? Kva er «grønt» når ein tek med heile reknestykka. Eg meiner det er fullt mogleg å omstille samfunnet utan å totalt øydelegge landskap og natur, og utan å gå på bekostning av menneskerettane. Men det vil kreve livsstilsendringer, samfunnsendringer og redusert forbruk av areal og ressursar. Men er det ikkje akkurat det kloden vår treng no? At vi kjem oss ut av vekstparadigmet og kapitalismen sitt jerngrep og sett livet, bedre fordeling og beskyttelse av miljøet i sentrum.\n\nDet står ikkje berre om Fosen, men også om kva forteljinga om Norge skal vere. Skal vi vere ein rettstat bygt på maktfordelingsprinsippet og grunnleggande menneskerettar? \n\nDet er 3 dager sidan sannings og forsoningskommisjonen sin rapport som også seier noko om denne kampen om areala. Og korleis industrisliseringa er, og har vore ein trussel mot tradisjonell bruk av landskapet. Vasskraftutbygging, gruvedrift, vegar, anlegg, hytter og endra bruk av viddene. Det er mange pågåande saker der same problemstillingane er aktuelle som det som har spissa seg til på Fosenhalvøya.
Postet:
2023-06-04 09:24:46