Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Gratulerer til alle💐 Opning av Fjord Miljø AS sitt nye næringsbygg på Nordfjordeid🇳🇴🎷🍾🥂\n\nFjord Miljø AS arbeider med berekraftige og framtidsretta løysingar for oppdretts-nærings, og har følgjande motto: Teknologi for bedre fiskevelferd! \n\nOg det er ikkje kven som helst som står bak selskapet: Dagleg leiar Sven Jørgen Strømmen har arbeidd med havbruk heile livet, og er sonen til ein av dei store pionerane i oppdrett; Kristen Strømmen som grunnla K. Strømmen i 1972.\n\n“Eg såg at vi mangla gode ventilasjonssysten for å få optimale forhold når ein skjermar fisken frå lakselus, og dermed måtte eg finne det opp sjølv, sa Sven Jørgen til applaus frå alle dei oppmøtte👏👏👏\n\nFjord Miljø AS er eit av svært, svært mange leverandørselskapa til havbruksnæringa, og som også står for mykje av utviklings- og innovasjonarbeidet til den viktigaste distriktsnæringa vår.\n\nI den etterfølgande debatten fekk Fjord Miljø AS mykje skryt, men i den generelle delen av debatten blei det uttrykt uro og bekymring for om havbruket og leverandør-næringa nå vil sjå oppbremsing av utvikling og investerings-stopp.

Postet:
2023-06-02 17:29:31

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post