Innlegg:
Som halvt smølaværing er det litt ekstra kjekt å få besøke Smøla på nordmørskysten. I dag reiste eg saman med partikollega og statssekretær Erling Laugsand. Smølaordførar Svein Roksvåg var ivrig omvisar for oss.\n \nBåde hos Nekton Settefisk AS og på SalMar sin fôrsentral fekk vi engasjerte innspel om kor viktig havbruk er for regionen og landet.\n \nIngunn Hopmark ved Hopmark Havfiske AS fortalte oss om kvalfangsten dei driv og det nye fiskemottaket dei har starta. Eg nytta høvet til å få med kvalkjøtt heim til eit betre måltid i helga.\n \nHos Edøen AS møtte vi brørne Frank og Geir Magnar Brevik, som starta bedrifta for 20 år sidan. Dei har utvida frå mekanisk verkstad til butikk òg. Brørne var forståeleg nok stolte over å få beviset på at dei no er anerkjent som Miljøfyrtårn som første bedrift på Smøla (i tillegg til det statlege Vinmonopolet). Det var ordføraren som overrekte plaketten.\n\nRiktig god helg:)
Postet:
2023-06-02 19:23:45