Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Då er grunnrenteskatt på lakseoppdrett vedtatt av Stortinget. Overskudd frå sjøfasen på over 70 millioner kroner per selskap får 25 % grunnrenteskatt. \n\nMDG, H, SV, KrF og Frp stemte imot. \n\nDet har vore ein lang prosess. Mange har bidrege og den løysinga me landa på er vesentleg endra samanlikna med der ein starta med Solberg-regjeringa sin utredning av saken. \n\nEg meiner det er rett at ein del av verdiskapinga som kjem, mellom anna gjennom bruk av våre felles fjordar, skal gå til lokalsamfunna og fellesskapet. Dette må ein gjera på ein måte som ikkje skader utviklinga av næringa unødvendig. \n\nGrunnrenteskatt er slik at dersom eit selskap investerer 1 milliard i anlegg til lakseproduksjon i sjø, så vil dei få tilbake 250 millionar av staten. Det er eit mål at skatten ikkje skal påverka investeringane. \n\nDet har vore ein kjekk sak å jobbe med - og veldig godt å vera i mål.

Postet:
2023-05-31 16:10:01

Delt innhold: