Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
Så har Ap, Sp, Raudt, Venstre og Pasientfokus vedtatt at havbruket skal få dobla skatten sin, og til ein modell som berre skatteadvokatar kan juble for. \n\nPartia har vore enig i lakseskattmodellem til regjeringa, men har kompromissa om skattenivået. \n\nI Stortinget peikte Høgre på at skattenivået er over det doble av det øvrige næringslivet vårt og deihavbruket skal konkurrere med i utlandet. Vi peika også på at skattemodellen er byråkratisk, utfordrande, og vil føre til uheldige struktur- og skattetilpassingar.\n\nNå vil kapital, aktivitet og arbeidsplassar bli flytta frå kyst og distrikt, til sentrale strok. \n\nHøgre stemte mot lakseskatten. Vi vil framover arbeide for at den kanskje viktigaste distriktsnæringa vår får ei skatteordning som kan sikre arbeidsplassar, investeringar, berekraftig vekst og utvikling. \n\nHer er innlegget eg held i Stortinget i dag.\n\nPresident!\n\nProsessen rundt grunnrenteskatt på havbruk har vore svært dårleg.\nGrunnrenteskatten blei lansert over natta, og skulle til alt over mål også ha tilbakeverkande kraft. Og i all kontakt med havbruksnæringa, lokalsamfunn, andre politiske parti, finans-miljø og andre, har regjeringa lat vere å lytte. Resultatet av dette kjenner vi.\nIkkje berre har dette vore skadeleg for havbruksnæringa, det har òg gjort at politisk risiko nå har blitt ei utfordringa for næringslivet vårt.\n\nPresident!\n\nI dag kjem Stortinget til å vedta at den viktigaste distriktsnæringa vår får ei skattlegging som ligg over det doble av det resten av næringslivet vårt og konkurrentane i utlandet har.\nFrå å ville innføre ein grunnrenteskatt regjeringa opplyste ville gi ein ekstra skattlegging på mellom 4-5 mrd kroner, blir det i dag innført ein skatt som Finansdepartementet og andre fagmiljø meiner vil ligge på mellom 10 og 15 mrd kroner.\n\nVidare får havbruksnæringa ein skattemodellen som er byråkratisk, har ei rekke utfordrande sider, og vil føre til uheldige struktur- og skattetilpassingar.\n\nPresident!\n\nDet Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Raudt, Venstre og Pasientfokus dannar fleirtal for i dag, vil bremse opp den eineståande suksessen havbruksnæringa vår har hatt. Det vil gi ei svakare utvikling, mindre innovasjon, produksjon og omstilling til ei betre miljø- og berekraftig næring.\n\nDet fleirtalet bestemmer i dag vil gi mindre kapital, aktivitet og arbeidsplassar i distrikta og langs kysten vår. Det er nettopp det distrikts-Norge ikkje treng.\n\nDet fleirtalet bestemmer i dag, vil påføre den verdsleiande havbruksnæringa vår eit skattetrykk som ligg langt, langt over det konkurrentane i utlandet har. Det vil på sikt føre til tap av den eineståande globale posisjonen havbruksnæringa vår har.\n\nPresident!\n\nHøgre er opptatt av at den viktigaste distriktsnæringa vår skal ha gode og stabile rammevilkår, samtidig som den skal bidra til fellesskapet på ein god måte.\nVi har derfor meint at skatteforslaget til regjeringa har hatt eit alt for høgt skattetrykk, og at skattemodellen er dårleg.\n\nHøgre har derfor tatt til orde for at saka skulle settast på pause, gjort ønskelege endringar i dagens ordning eller utgreidd andre modellar. Dette har Høgre ikkje fått gjennomslag for, verken i tida frå september i fjor, eller i dei samtalane Høgre tok del i på Stortinget.\nKonsekvensen av dette er som kjent at Høgre i lag med Krf trakk seg frå samtalane på Stortinget.\n\nDet er å ta på alvor at regjeringa stod på sitt, ikkje lytta til næringa eller opposisjonen, men tvert ville tvinge gjennom ein lakseskatt som altså vil vere skadeleg for havbruksnæringa, leverandørindustrien, lokalsamfunn langs heile kysten og havbruksnasjonen Norge.

Postet:
2023-05-31 17:27:43

Delt innhold: