Person / Aktør:
Olve Grotle
Olve Grotle
Parti: H

Innlegg:
God morgon☕️ Kjekt, informativt og vellykka arrangement på Sunnfjord hotell i går kveld😊\n\nOver 230 personar deltok på mineral-seminar, kor Nordic Mining stod sentralt.\nGjennomgang av status, framdrift og planar for selskapet sin etablering av den første nye gruva i Norge på 40 år. \n\nMineralprosjektet på Engebø blir nå meir og meir sett i samanheng med det store behovet vi har for mineral, særleg knytt til det grøne skiftet. \n\nTilgang til kritiske og strategiske mineraler har kome høgt på den politiske agendaen i heile den vestlege verda, og EU leier an. Høgre har kome med sin mineral-strategi, og til hausten kjem regjeringa med sin. \n\nEin liten politisk debatt blei det også plass til. Alfred Bjørlo, Torbjørn Vereide og eg hadde sjølvsagt litt ulikt syn på nokre spørsmål, men ser likt på mykje, ikkje minst kor viktig det er at vi sikrar oss mineral for framtida.\n\nEin artig observasjon i går: Nordic Mining har nå så sterkt fokus på miljø og berekraft, at det oppstod ein diskusjon om kven som skal ha æra av det😊

Postet:
2023-05-25 07:50:21

Delt innhold:
Photos from Olve Grotle's post