Innlegg:
Politikarkvinne? 🤔Ikkje viste eg at det var et eige ord? Kva underbyggjer dette ordet? \n\nEr kvinner i politikken ubrukelig? Treng dei eigne kriteriet og eventuelt når har dei nok erfaring til å delta i samfunnsdebatten sammenlikna med ein mann med same kvalitetar? \n\nEg meiner demokratiet fungerer når folk i alle aldre deltek i politikken, blir med å utforma dagens, og neste generasjon sine tenester og satsingar i si eige heimbygd. \n\nHeldigvis er det ikkje tyngde og ansiennitet som gjeld i politikken. Då hadde mangfaldet og politikken blitt ganske lik styreromma i Norges land.\n \nFor desse to karane blei det for mykje ungdommeleg mot, og kvinne i monitor. \nVil dei heller ha amerikanske tilstandar der mann på 80 år alltid vil være meir kvalifisert en kvinne 20-30?\nLykke til til alle som stiller til val, spesielt Benedicte Kragh og Tonje Såkvitne som begge er to dyktige politikarar.
Postet:
2023-05-25 11:32:49