Person / Aktør:
Jenny Klinge
Jenny Klinge
Parti: SP

Innlegg:
Denne veka har næringskomiteen hatt fleire debattar i stortingssalen og her er innlegget mitt frå saka om ei opptrappingsplan for inntektene i landbruket. \n\nEg er veldig for at ei plan skal koma så raskt som råd, men aller viktigast er det at opptrappinga er begynt og at den må halde fram med høgt tempo. \n\nMatproduksjon er grunnleggande viktig og det er ikkje rett at bøndene skal tene mykje mindre enn andre grupper med det ansvaret og den arbeidsbelastninga dei har. \n\nSkal vi ha matberedskap, må dei som sørger for den ha anstendig betalt for arbeidet sitt. Fjorårets og årets jordbruksoppgjer er viktige steg i rett retning, men ikkje nok - opptrappinga må halde fram.

Postet:
2023-05-26 11:00:11