Innlegg:
Skogsturen opp til Nordviksetra i Surnadal i helga baud på mykje fint sjølv om vêret var grått. Sjå til dømes på det siste biletet, ein treskulptur som dukka opp då vi med vilje rota oss bort frå stien. \n\nOg sjekk den morkne tømmerstokken, som får fram korleis starten på greinene ser ut der dei veks fram innanfrå treet. \n\nFascinerande med mose og lav, trollskjegg og kjuker, og triveleg med fuglesongen som muntert akkompagnement.
Postet:
2023-05-23 20:41:37