Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
🇳🇴🇳🇴17.mai tale på min «eigen» Mjølkeråen skule i Åsane . Været blei heilt fint for bunad og det var kjekt å sjå barnetoget og alle folka på skuleplassen. Eg snakka om Grunnlova , som er viktigare enn mange tenker over. Både den gong då i 1814, men også i vår tid. Den skal sikre rettsstaten , demokratiet og menneskerettane . Intet mindre. Eg snakka om flagget vårt , foreslått av stortingsrepresentant Meltzer frå Bergen, som argumentert for at korset måtte inngå og ha fridomens fargar : raudt, kvitt og blått. Mest raudt , slik at det nye flagget ikkje fjerna seg langt frå det gamle raude - kvite, OG slik at ein kunne gjenbruke det gamle flagget ! Praktiske var dei:-)! \n(Den 4. mai 1821 vart flagget vedtatt i Stortinget med eit fleirtal på 40 av 59 stemmer)\n\nEg avslutta med Edvard Hoem sine ord til Grunnlovsjubileet i 2014, ord som er veldig aktuelle også i dag: \n\n«Mykje er enno uferdig. Mykje er enno ugjort. Verda er komen til oss, og vi er heime i verda. Alt som hender av krig og ulykker kjem oss ved. Alt som tenner håp og ber bod om framgang, kjem oss ved. Saman med alle menneske på jorda av god vilje, skal vi forvalte rikdomen på jorda . \n\nDette er landet vårt. Her er vi heime. \nHer mellom fjord og fjell lyser Guds kjærleik. Her skal vi takke og ære vår Gud, som har gitt oss dette landet i gåve. Vi som er borgarar av ei større verd, og deler framtid med alle menneske» \n🇳🇴🇳🇴

Postet:
2023-05-17 22:51:17

Delt innhold:
Photos from Kjersti Toppe's post