Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
For ein thriller dette har vore! I første runde vart det uavgjort, men i dag vann vi fram: 85-84 (!!!)-fleirtal i Stortinget for å be regjeringa slutte å "jobb-boikotte" større byar i Noreg utanfor Oslo, ved at Venstre, Frp, Høgre, SV, Krf, MdG og Pasientfokus samla seg.\n\nStortingsfleirtalet støtta Venstre i at å utvikle byar som Bergen, Stavanger, Trondheim, Kristiansand og Tromsø som regionale motorar for sine landsdelar i samspel med distrikta rundt, må vere ein sjølvsagt del av framtidas distrikts- og regionalpolitikk. Ei særleg takk til Helge André Njåstad (Frp) for å ha stått på for saka i Kommunalkomiteen på Stortinget - og til alle parti i denne "regnbogealliansen" som har sikra fleirtal mot regjeringa, som fekk støtte berre av Raudt.

Postet:
2023-05-15 20:47:19

Delt innhold:
Stortinget sa nei til å flytte statlige arbeidsplasser ut av Bergen: – En thriller av en sak
Med minst mulig margin stoppet Stortinget regjeringens plan om å flytte statlige arbeidsplasser ut av Bergen og andre store byer i Norge.