Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Som dei fleste sikkert har fått med seg, har både Venstre, Høgre, Krf og MDG no brote forhandlingane med Ap/Sp og SV/Rødt om skatt på havbruk. \n\nFrå Venstre sin ståstad ønskte vi oppriktig å få eit breitt skatteforlik i hamn, som kan skape stabilitet, ro og framtidstru på kysten. Vi var klare til å forhandle vidare og strekke oss ganske langt for å kome i mål - og har heller ikkje vore avvisande til ei løysing der grunnrenteskatt er "ein del av pakka". \n\nMen når regjeringa i dag stilte ultimatum på eit samla skattenivå som er altfor høgt til at det vil sikre framtidsretta utvikling og vekst i havbruksnæringa og leverandørindustrien på kysten – samtidig som dei heller ikkje kom oss i møte på andre viktige krav, så var det i praksis ikkje mulig å få dette til. \n\nVenstre kan ikkje stå inne for den samla skattepakken som no ligg på bordet frå regjeringspartia - og som dei har sett ultimatum ved. Det vil dra for mykje kapital vekk frå kystsamfunna, det rammar investeringar som allereie er gjort, og det vil bremse omstilling i meir miljøvenleg retning. \n\nOg ikkje minst: Den nye skatten kjem på toppen av andre skattar regjeringa også har auka, som formuesskatt, utbyteskatt og arbeidsgjevaravgift. Summen blir for mykje, og er sterkt distrikts- og kystfiendtlig. \n\nTakk for mange gode innspel frå fjern&nær undervegs. Venstre lovar å stå på vidare for ein grøn og næringsvenleg politikk som utviklar og skaper verdiar i kyst-Noreg! ILaks Sjømat Norge Sjømatbedriftene

Postet:
2023-05-16 15:55:34

Delt innhold:
- Ultimatumet ødela videre forhandlinger
Venstre var villige til å forhandle videre, men opplevde at regjeringspartiene gav et ultimatum som spente beina under videre prosess. I dag sprakk nyheten om at de er brudd i forhandlingene mellom opposisjonen og regjeringspartiene om lakseskatten. Høyre har karakterisert prosessen som uryddig. N...