Person / Aktør:
Tone Wilhelmsen Trøen
Tone Wilhelmsen Trøen
Parti: H

Innlegg:
Gratulerer med dagen alle tidligere sykepleierkollegaer og alle sykepleiere overalt i helsetjenesten vår 🎉 You rock 🤘🏼Norsk Sykepleierforbund Tidsskriftet Sykepleien #stoltsykepleier

Emneknagger:

Postet:
2023-05-12 16:30:25

Delt innhold:
Vi treng fleire sjukepleiarar i framtida 💙\n\nDet faglege sterke blikket som veit kva som skal gjerast når det hastar. Den trygge handa når det kjennest ut som at verda rasar saman... Sjukepleiarane er den største helsepersonellgruppa i Noreg og er heilt sentrale i pasientbehandlinga både i kommunehelsetenesta og på sjukehusa. \n\nDen politiske debatten dei siste vekene har handla om at det er ei utfordring at nokre legar og sjukepleiarar jobbar hos private helseføretak og ikkje i det offentlege. Det meiner vi i Høgre er ein avsporing i den viktige debatten om å behalde og rekruttere helsepersonell. Den største utfordringa er at 17.000 sjukepleiarar er heilt utanfor helse- og omsorgstenesta og jobbar i andre sektorar. \n\nFramover må vi sørge for at fleire sjukepleiarar blir i yrket, har fleire karrierevegar, moglegheit for vidareutdanning og leiarutdanning. Eit viktig grep, som eg synast regjeringa somlar med, er å sørge for at mange fleire sjukepleiargrupper får spesialistgodkjenning. Høgre trur det er eit viktig verkemiddel både for å rekruttere og behalde sjukepleiarar, samtidig som det gjev myndigheitene betre oversikt over sine spesialistar. No skal det nemnast at eg er ein av dei 17.000 sjølv. For 10 år sidan blei eg folkevalt til Stortinget, gjekk av vakt og tok av både namneskilt og uniform. Sjukepleiaren i meg saknar pasientar, pårørande, kollegane og dei faglege utfordringane litt kvar einaste dag. \n\nSkal vi ha nok sjukepleiarar til å vere der for oss gjennom livet, er det avgjerande at vi lukkast med rekruttering til sjukepleiarstudiet, at fleire studentar fullfører utdanninga, og at vi klarar å behalde sjukepleiarar i yrket. Diverre er det altfor mange sjukepleiarar som sluttar eller vurderer å slutte i yrket. Ein rapport frå 2017 viste at 1 av 5 sjukepleiarar ikkje jobbar i helsetenesta ti år etter fullført utdanning. \n\nSkal det vere attraktivt å stå i jobb som sjukepleiar, må ein kunne jobbe i fast og full stilling. Det må sikrast moglegheit for kompetanseutvikling gjennom heile arbeidslivet og sjukepleiarar må få gode utviklingsmoglegheiter i yrket. I ein sektor med over 70 prosent kvinner er dette også ei viktig likestillingssak. I dag er deltidsandelen og sjukefråværet høgt i sektoren. Det skapar stort arbeidspress og mykje stress for sjukepleiarar på jobb. Arbeidet med heiltidskultur, godt leiarskap og gode arbeidsmiljø må halde fram med full styrke. \n\nDet blir ei utfordring å sikre kommunane og sjukehusa tilgang på nok og riktig kvalifisert helsepersonell framover. Dei aller fleste jobbar i offentleg sektor, men nokre også privat. Der Arbeiderpartiet tydelegvis meiner at alt helsepersonell bør jobbe i stat og kommune, meiner Høgre at også helsepersonell som jobbar i det private, er ein viktig del av helsetenesta vår. Dei bidreg med sin kompetanse og kunnskap til fagleg utvikling og innovasjon i tenestene. \n\nHøgre er opptatt av at helsetenesta skal vere ein attraktiv arbeidsplass, med fleire karrierevegar, utviklingsmoglegheiter og moglegheit for å jobbe både i privat og offentleg sektor. Det spørst om dei 17.000 sjukepleiarane som har forlate helsetenesta og jobbar i andre sektorar, blir freista til å kome tilbake på vakt gjennom eit diktat frå Arbeidarpartiet om at dei berre skal jobbe i offentleg sektor. \n\nTil slutt, Noreg treng ein nasjonal sjefssjukepleiar som representerer sjukepleiarprofesjonen ved bordet til helsedirektøren og hans leiargruppe. Høgre starta arbeidet i regjering, no er det opp til helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) å levere. Få det på plass. \n\nKjære sjukepleiarar. Takk for den viktige jobben de gjer, både dag og natt, i kvardag, helg og høgtider. Gratulerer med den internasjonale sjukepleiardagen! #stoltsykepleier