Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Om nokre veker skal dei kjempe for Ukrainas friheit. No får dei opplæring av Heimevernet i Trøndelag. \n
I går besøkte forsvarsminister Bjørn Arild Gram dei rundt hundre ukrainarane som blir trena i mellom anna skyting og sanitet. 

- Det gjer sterkt inntrykk å møte nokre av dei som snart skal ut i krigen for å forsvare sitt heimland og sine verdiar mot den russiske invasjonen. Krigen kjem nært på når vi møter soldatar som kjem frå kampar, trener her og skal tilbake til krigen. Det er ei kraftig påminning om at friheit ikkje kjem av seg sjølv, seier han. 

Forsvaret vil trene om lag 3200 ukrainske soldatar i løpet av 2023, i Noreg og i utlandet.

Postet:
2023-05-13 10:05:35