Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
I dag legg regjeringa fram sitt forslag til revidert budsjett for 2023. Det er ei oppdatering av statsbudsjettet som vart lagt fram i oktober i fjor. Revidert budsjett er mange små og store saker som kan bety noko for deg og din kvardag. \n \nI revidert budsjett prioriterer regjeringa viktige velferdsoppgåver som helse, politi og mottak av flyktningar. Offentlege verksemder og dei som tek i mot ytingar, får kompensasjon for den høge pris- og lønsveksten. Regjeringa aukar støtta til Ukraina gjennom Nansen-programmet.\n \nHer er noko av det regjeringa foreslår:\n\n53 millionar kroner til psykisk helse og rusarbeid \n(📷: getty images)\n\n250 millionar kroner for å få fleire i jobb\n(📷: NTB/Maskot)\n\nBilligare tannlege for dei mellom 21 og 24 år \n(📷: getty images)\n\n6 milliardar kroner ekstra for å ta i mot historisk mange flyktningar frå Ukraina \n(📷: Niklas Jonasson/unsplash)\n\n115 millionar kroner til skulebøker i grunnskulen \n(📷: getty images)\n\n15 millionar kroner for tryggare dataspelkultur \n(📷 Julie-Christine Adélaïde Krøvel / Ungdom og Fritid)\n\n3 millionar kroner for å gi unge sommarjobb som fiskarar \n(📷: getty images)\n \nLes alle nyheitene og følg framlegginga på regjeringa.no. Lenke i bio 🔗

Postet:
2023-05-11 11:09:39