Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Gi folk fridom til å jobbe kvar dei vil! Det som kjem fram i denne saka frå NRK Vestland, er nesten ikkje til å tru. Regjeringa har ingen oversikt over kor mange jobbar i staten der det er opna for å "fjernjobbe" frå distrikts-Noreg - og vil heller ikkje gi ei klar bestilling til statlege etatar om at fleire nye jobbar skal gjerast staduavhengige. \n\nSom Kathe Arnesen i Rekrutteringsforum Sunnfjord heilt korrekt og ganske forsiktig seier det: – Det kan sjå ut til at regjeringa har sove litt i timen..\n\nEller som Ole Henrik Golf i Remote Norge seier det: – Den borgarlege regjeringa gjorde fleire konkrete tiltak for å leggje til rette for auka fjernarbeid på offentlege arbeidsplassar. Etter regjeringsskiftet har satsinga på dette tilsynelatande stoppa opp.\n\nDette vil Venstre gjere noko med. No vil vi vekke Ap/Sp-regjeringa frå dvalen! Vi har lagt fram forslag på Stortinget om at alle statlege etatar SKAL gjere ein viss del av alle nye stillingar - f eks 30% - staduavhengige, med høve til å få jobbe frå eit nettverk av "distriktshubar" der folk frå ulike statlege etatar kan finne eit godt og moderne jobbfellesskap, etter modell frå "Distrikttshub Stad". \n\nEg reknar med at både Ap, Sp og andre parti på Stortinget støttar oss på det - det som kjem fram i NRK si sak, er rett og slett flaut! \n\n

Postet:
2023-05-10 11:47:43

Delt innhold:
Staten har inga oversikt over kor mange som har fjernarbeid
Staten vil flytte arbeidsplassar ut i distrikta. Men har ikkje noko mål på kor godt dei lukkast.