Person / Aktør:
Kulturdepartementet

Innlegg:
SAMLING I BERGEN:\nNordiske Mediedager er den største årlege mediefaglige konferansen i Norden. Rundt 2000 deltakarar er samla i Bergen for å lære, diskutere og la seg inspirere av ei rekke ulike tema💡\n\n🤓I år spenner programmet frå podkast om JK Rowling, Tik Tok, USA-valet til gravejournalistikk om trakassering i forsvaret.\n\n👉Onsdag fekk kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen æra av å opne NMD og nytta samstundes høvet til å skryte litt av norsk media. Ho sa blant anna:\n \n- For sjuande år på rad er Noreg landet med mest pressefriheit i verda. Det skal vi verne godt om. For det ser ganske annleis ut i mange land. Det å vere journalist er noko av det farligaste ei. kan jobbe med mange stader. De – i fri presse – i redaktørstyrte medium – sørgjer for at vi kvar dag – heile døgnet - har tilgang til verifiserte fakta. Til pålitelig informasjon. De avdekker graverande forhold, held oss politikarar i øyrene og gjer samfunnet tryggare. Og vi har høg tillit til media i Noreg. Dei yngste brukar meir sosiale kanalar, men dei brukar også redaktørstyrt media som kjelder. Eg og regjeringa skal på vår side halde fram å jobbe for at de har rammene de treng. Gode ordningar og god regulering – heime og internasjonalt!

Postet:
2023-05-10 19:57:13

Delt innhold:
Fotos von Kultur- og likestillingsdepartementet - Norges Beitrag