Innlegg:
Stranda kommune havna på ROBEK, etter at budsjettet for 2023 og økonomiplanen 2023-2026 vart underkjent av Statsforvaltaren.\n\nDette etter at FrP gruppa klaga på dette vanvittig dårlige budsjettet frå SP og ordførar Tryggestad, som måtte være norgesrekord i elendig budsjett.\n\nKommunen har fått frist til å legge fram nytt budsjett for 2023, og dette vart no lagt fram.\n\nDet var begredelig lesning budsjettet som vart sendt ut til formannskapet i dag, og dette er rett og slett, \n\n- frå vondt til verre!\n\nRådmannen legg fram at det må omstillast over 44 mill kr berre i 2023, dette er i tillegg til mengder av tidligare kutt.\n\nDet er budsjettert med 22 mill kr i utbytte, som betyr at med dei 10 mill kr som alt er utbetalt for 2022 frå Standa energi as, er det lagt opp til samla 32 mill kr i utbytte no samla.\n\nNår eg stiller spørsmål om dokumentasjon på dette frå administrasjonen,er svaret at dette berre er «vurderingar» og ikkje etter styrevedtak i selskapet, med andre ord» håp og tru» og overhode ikkje realisme.\n\nUt over dette er det lagt inn 4 mill kr i ekstra eigedomsskatt heilt ut av det blå, frå ca 13 mill kr og no brått + 4 mill, blir dette ein vanvittig prosentane som ikkje eg forstår noko av ivertfall.\n\nI tillegg er der lagt inn over 6 mill kr i forventa auke i rammeoverføringene i revidert nasjonalbudsjett i kompensasjon for auka løns og prisvekst. \n\nDette også berre etter « håp og tru» og når eg også der etterspurte dokumentasjon, kunne ingen dokumentere dette. Vi får sjå i morgon kva resultatet faktisk blir frå regjeringa.\n\nUtover dette har eg gått igjennon heile budsjettet, og dette er stort sett ekstremt alvorleg for spesielt skulane, SFO og eldreomsorga, kutta her er vanvittig store og rett og slett dramatiske.\n\nEtter mitt syn totalt urealistisk og aldeles uråd å gjennomføre i praksis.\n\nDet er ulike tall i ulike tabellar, og oppsett på ein måte som etter mitt begrep overhode ikkje holder mål.\n\nNår eg går ut i Nyss med dette, forsøker Tryggestad å «kneble» avisa, og i eit fortvila forsøk på å stoppe debatten ikring dette vanvittige budsjettframlegget.\n\nEg bryr meg om Kommuna, og om folket som skal motta tjenestene, då må faktisk ordføraren begynne å lytte til andre enn seg sjølv, og begynne å fatte at Stranda kommune er i djup økonomisk krise.
Postet:
2023-05-10 23:35:01
Delt innhold:
(+) Reagerer på framlegg til budsjett: – Frå vondt til verre!
Frank Sve er ikkje imponert over det nye framlegget til budsjett i Stranda kommune.