Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Å redusere utsleppa frå transportsektoren vil vere eit viktig steg mot å nå Noregs klimamål. Derfor ønskjer samferdselsminister Jon-Ivar Nygård å innføre krav om nullutslepp frå ferjer og hurtigbåtar. 🌍🌡️\n \n– Transportsektoren står for om lag ein tredjedel av Noregs klimagassutslepp. Det må vi ta på alvor. Ferjer og hurtigbåtar er viktige brikkar i det norske transportnettet, men står også for store utslepp, seier Nygård.\n \n🛳️💚 I dag sender Samferdselsdepartementet på høyring forslag til nye krav om nullutslepp til ferjer og hurtigbåtar.\n \n🛑 Forslaget innebærer innføring av nullutsleppskrav for ferjer så tidleg som mogleg og for hurtigbåtar frå 1. januar 2025. Det vert også foreslått unntak som skal sikre at krava fungerer best mogleg.\n \n🔗 Les mer på lenke i bio.\n \nFoto: Knut Opeide/Statens vegvesen

Postet:
2023-05-10 13:19:37