Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre

Parti: V

Innlegg:
Gratulerer med Frigjeringsdagen og Veterandagen! 🇳🇴🇳🇴\n\nVi kan aldri ta fred og fridom for gitt. Frie demokrati må stå saman om å forsvare våre verdiar - også med våpen i hand når det er nødvendig. Det gjorde vi i 1940-1945 for å vinne att vår fridom. Og det må vi no gjere saman for å hjelpe våre brør og systre i Ukraina å vinne att sin fridom.\n\nEg er glad for at eit så godt som samla folk og politisk miljø no sluttar opp om å hjelpe Ukraina også militært, og om å bygge opp eit sterkare norsk forsvar som del av eit utvida NATO der heile Norden er samla. \nOm du kan, møt opp på lokale markeringar av Frigjeringsdagen og Veterandagen landet rundt i dag - i respekt for våre veteranar og dei som misste livet for Noreg under 2. verdskrigen. Om du ikkje kan: Heis flagget, syn di respekt for alle dei som opp gjennom åra har ofra liv og helse for Noreg i militær teneste verda rundt - og ver budd for at også vår tid kan kome for å stille opp for det vi har kjært. \n\nGod 8. mai!

Postet:
2023-05-08 11:09:56

Delt innhold: