Innlegg:
ALLE SKAL KUNNE DELTA: \n⭐️I årets fordeling av spelemidla har regjeringa prioritert auka deltaking i idrett, kultur og frivilligheit i heile landet. Årets pott til fordeling frå spelemiddeloverskotet frå Norsk Tipping er på heile 6,6 milliardar kroner. \n\n🙏- Vi veit kor mykje det betyr å kunne delta i fritidsaktivitet saman med venane sine, det gir meistring, glede og tilhøyregheit, og det vil vi støtte opp om, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen\n\n👉Det har vore nokre tøffe månader økonomisk og for enkelte har det blitt for dyrt å vere med. Derfor har regjeringa blant anna satt av 125 millionar ekstra til idretten for å få deltakinga opp og prisane ned. \n\n🌟Nylig besøkte statsminister Jonas Gahr Støre og Trettebergstuen Bøler Idrettsforening som er ein god dugnadsklubb i Oslo med 1300 medlemmar. \n\n💪- Det er idrettslag som dette, der ein får til å senke prisane og ha eit tilbod til alle, som vi må heie på, sa Støre.\n\nBøler IF Fotball\nBøler IF Friidrett\nBøler IF Håndball
Postet:
2023-05-05 12:05:55